Tor
Lettskya
Nedbør: 0 mm
Vind: Svak vind fra Aust-søraust 1.7 m/s 
Trykk: 1014.7
Dato: 19.07.2018
25°
Fre
Klårvêr
Nedbør: 0 mm
Vind: Svak vind fra Aust-søraust 2.9 m/s 
Trykk: 1009.5
Dato: 20.07.2018
25°
Lør
Delvis skya
Nedbør: 0 mm
Vind: Svak vind fra Sør-søraust 1.7 m/s 
Trykk: 1006.5
Dato: 21.07.2018
24°
Søn
Delvis skya
Nedbør: 0 mm
Vind: Svak vind fra Vest 2.1 m/s 
Trykk: 1007.4
Dato: 22.07.2018
24°
Man
Klårvêr
Nedbør: 0 mm
Vind: Svak vind fra Vest 2.5 m/s 
Trykk: 1010.2
Dato: 23.07.2018
26°
Vinje StartSiden Hjem
Vis liste over alle byer
Søk
BilderButikkNyheterSpillVæretWebmailBoligLeieTorgetJobbOm Vinje

  
Alle nyheter

Lokal nyheter
Finn Vinje
Jobb Vinje
Leie Vinje
NRK Telemark
TA
Torget Vinje
Varden
Vinje Kommune

Generelle nyheter
ABC Nyheter
Aftenposten
Dagbladet
Dagen
Framtida
Kommentar
Kommunal Rapport
Morgenbladet
Nationen
Nettavisen
NRK
Ny Tid
P4
Panorama
Siste.no
The Norway Post
TV2 Nyhetene
Ukeavisen Ledelse
Uriks
Utrolige Nyheter
Utrop
VG
Vårt Land

Andre nyheter
Altinn
Arbeidstilsynet
Arkivverket
Avinor
BI Handelshøyskolen
Bibliotekarforbundet
Bike.no
BilNorge
Boarding.no
Bonytt
Båtmagasinet
Cappelen Damm
Filmweb
Fjord Norge
Forbrukerportalen
Foreldre
Forskning
Forsvaret
foto.no
Gatebil.no
Helse
Her og Nå
Høgskolen i Bergen
Jenteporten
Kirken
KK
Klar Tale
Klassekampen
Lovdata
Mat
Montages
Mote
Motor
Musikkweb
NAV
Norsk Tipping
Nysgjerrigper
OBOS
Oslo Jazzfestival
Politiet
Regjeringen
Røde Kors
Seher
Seilas
Skatteetaten
Statistisk sentralbyrå
Statnett
Stortinget
Teknisk Ukeblad
Trafikanten
UIA
UIB
UIO
UIT
ut.no
Utdanningsdirektoratet
Vegvesen
Villmarksliv
Wideroe

Økonomi nyheter
Dagens Næringsliv
E24.no
Finans Norge
Finanstilsynet
Hegnar
iMarkedet
NA24.no
NRK Økonomi
Skagenfondene
Økonomisk Rapport

Sports nyheter
Aftenposten Sport
Dagbladet Sport
FotballMagasinet
NRK Sport
VG Sport

IT nyheter
akam.no
amobil.no
Apple
Dagens IT
Datainform
digi.no
DinSide
gamer.no
Gamereactor
Hardware.no
IDG.no
IT-Kanalen
ITavisen
ITpro.no
mac1
online.no
Techworld.no
tek.no
teknofil.no
Teknologi

Fylkes aviser
Adresseavisen
Agderposten
Firda
Fosna-Folket
Framtid i nord
Fædrelandsvennen
Gjengangeren
Namdalsavisa
Nordlys
NRK Buskerud
NRK Hedmark og Oppland
NRK Hordaland
NRK Møre og Romsdal
NRK Nordland
NRK Rogaland
NRK Sogn og Fjordane
NRK Telemark
NRK Troms og Finnmark
NRK Trøndelag
NRK Vestfold
NRK Østfold
Oppland Arbeiderblad
Rogalands Avis
Smaalenene
Sogn Avis
Strilen
Sunnmørsposten
Sør-Trøndelag
TA
Tidens Krav
Troms Folkeblad
Varden
Vestfold Blad

NyheterForrigeForrigeForrigeNesteNesteNeste


Fekk draumeopning på EMNRK Sogn og Fjordane
Det norske J19-landslaget i fotball fekk starten dei ynskte på EM i Sveits. Thea Bjelde frå Sogndal og Linn-Mari Nilsen frå Førde spelte heile kampen då regjerande meistrar Spania vart slått 2-0. Elise Isolde Stenevik frå Florø var unytta reserve.
2018-07-18 18:12:22  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vil skjerpe straffa for tjuvfiskeNRK Sogn og Fjordane
Statssekretær Atle Hamar (V) meiner eitt års fengsel for tjuvfiske ikkje er nok. Til Firda seier statsekretæren i Klima- og miljø at han vil jobbe for strengare straffer. ? Ulovleg laksefiske er alvorleg miljøkriminalitet, men det kan sjå ut som at strafferammene ikkje reflekterer den vinsten ein kan få på å fiske ulovleg, seier Hamar til Firda. Søndag vart det funne 300 meter drivgarn som fiska etter laks ved Flokeneset i Førdefjorden.
2018-07-18 18:07:02  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Til sjukehus etter utforkøyringNRK Sogn og Fjordane
Ein mann i 60-åra blir sendt til sjukehuset i Førde etter ei utforkøyring på fylkesveg 609 i Askvoll. Uhellet skjedde ved Flokenes. Bilen ligg på sida, delvis i vegbana, men det skal vere passasje. Føraren fekk hjelp av andre til å komme seg ut av bilen.
2018-07-18 16:58:00  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Bil i full fyr i GloppenNRK Sogn og Fjordane
Det brenn i ein bil i Fjellbygda i Gloppen. Politiet opplyser at det skal vere full fyr i bilen, men at den eine personen som var i bilen har kome seg ut. Brannvesenet er på staden og politiet er på veg. Det skal ikkje vere fare for at brannen spreier seg.
2018-07-18 16:50:37  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Normal drift på ferjesambandNRK Sogn og Fjordane
Norled melder at det skal vere normal drift på ferjesambandet Lavik - Oppedal på E39. Tekniske problem gjorde tidlegare i ettermiddag at C-ruta var innstilt.
2018-07-18 16:12:03  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Johnsen tok ut Bell og MannsverkNRK Sogn og Fjordane
Førde-spelar Kristian Bell og Sogndal-spelar Sivert Mannsverk er med i landslagssjef Erland Johnsen sin tropp til nordisk meisterskap i fotball. G16-landslaget møter Kina, Island og vertslandet Færøyane i turneringa frå 3. til 11. august.
2018-07-18 16:03:46  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Kom uskadd frå MC-velt på E39NRK Sogn og Fjordane
Naudetatane rykte i ettermiddag ut til ein MC-velt ved Vassenden i Jølster. Helse Førde AMK melder at MC-føraren er dimmitert etter å ha fått tilsyn av lege. Politiet har fått opplysningar om at det skal ha vore glatt på staden, truleg på grunn av regnskyll.
2018-07-18 16:00:15  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Påkøyrsle på E39NRK Sogn og Fjordane
Politiet og ambulanse har rykt ut til ei trafikkulukke på Langeland i Førde. Ifølgje politiet skal ein bil ha køyrt i ein annan bakfrå i ein sving. Bilbergar er rekvirert.
2018-07-18 15:59:25  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Furebotn legg oppNRK Sogn og Fjordane
Henrik Furebotn har bestemt seg for å leggje opp etter 17 år med toppfotball. 32-åringen har denne sesongen slite med ein strekkskade, og no har han fått nok. - Tusen takk til alle som har støtta meg, skriv Sogndal-spelaren på Instagram.
2018-07-18 15:11:49  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Melding om røyk i Naustdal NRK Sogn og Fjordane
Brannvesenet er på veg til Kleppestølen i Naustdal etter melding om røyk i terrenget, skriv Firda. ? Dette er høgt til fjells, og vi har folk som er på veg til staden. Det er truleg snakk om lynnedslag, seier Kollbjørn Øvrebotten, som er vaktleiar ved Alarmsentralen i Florø.
2018-07-18 13:58:41  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Svindyr promillebotNRK Sogn og Fjordane
Ein nordfjording i slutten av 50-åra har fått 105.000 kroner i bot etter at han køyrde med ein promille på 0,6 på Nordfjordeid i desember 2017. Det er mannen si høge inntekt på rundt ein million kroner årleg som er grunnlaget for bota. Mannen blei også dømt til 15 dagar i fengsel på vilkår. Det slepp han å sone om han oppfører seg fint dei neste to åra.
2018-07-18 13:46:47  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Lyn slo ned på StadNRK Sogn og Fjordane
Turgåarar fekk raskt sløkt eit branntilløp i terrenget på Sandvikseidet på Stadlandet, skriv Fjordenes Tidende. Det tok til å brenne etter eit lynnedslag. Det er stor skogbrannfare på Vestlandet.
2018-07-18 13:44:07  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Gå mot ny rekordsesongNRK Sogn og Fjordane
Det går mot ein ny rekordsesong for Loen Skylift, skriv Fjordingen. Skyliften runda sist helg 60 000 vitjingar. Driftsleiar Arne Reme seier dei har hatt større trafikk i juli enn i same tidsrom i fjor. No håpar han at dei kjem til å gå forbi fjorårstalet på besøkjande med god margin.
2018-07-18 13:07:08  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ver merksam ved NaustdalstunnelenNRK Sogn og Fjordane
Plater og andre gjenstandar har blese ut i vegbana på søraustsida av Naustdalstunnelen på riksveg 5, opplyser Statens vegvesen. Eit tre heng også over vegen. Folk er på staden for å rydde opp.
2018-07-18 12:35:37  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Skogbrann i SolundNRK Sogn og Fjordane
Det er meldt om brann i terrenget ved Strandheim i Solund etter eit lynnedslag. Brannvesenet har kontroll på brannen, og driv no med ettersløkking, melder Alarmsentralen i Hordaland.
2018-07-18 11:26:30  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Har selt galleri i SeljeNRK Sogn og Fjordane
Kjell Stig Amdam har selt eigedomen sin med galleri på Skårbø i Selje, skriv Fjordenes Tidende. Han seier at han har selt det til ein privatperson i Sveits, og at det mest truleg ikkje blir galleri der lenger. Amdam vil ikkje røpe salssummen.
2018-07-18 11:06:51  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Torevêr råkar helikoptertrafikk NRK Sogn og Fjordane
Det er forseinkingar i helikoptertrafikken til og frå Nordsjøen i morgontimane. Dette gjeld blant anna ruta frå Florø til Visund. Det er torevêr som er årsaka til at helikopter står vêrfast.
2018-07-18 09:34:08  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vil ha Netflix på nynorsk NRK Sogn og Fjordane
Språkrådet og Noregs Mållag ønskjer at strøymetenester som Netflix og HBO Nordic skal byrje med teksting av filmar og seriar på nynorsk. Språkorganisasjonane meiner dette vil gi strøymetenestene eit meir seriøst omdømme når det er 600 000 personar som bruker nynorsk. HBO Nordic seier dei ikkje har høve til å kommentere saka, mens Netflix seier dei følgjer gjeldande lover og regler ved språkval.
2018-07-18 09:26:13  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Meiner bøndene må snakke samanNRK Sogn og Fjordane
Etter den lange tørkeperioden inviterer Luster-ordførar Ivar Kvalen til ope møte om fôrsituasjonen i kommunen. skriv Sogn Avis. Kvalen er uroa for bøndene som slit med å få nok fôr til dyra. I tillegg til lokale bønder, er representantar frå Norsk landbruksrådgjeving, Nortura, Felleskjøpet og det lokale bondelaget inviterte til møtet. Kvalen seier det handlar om å bry seg om næringa i ei krevjande tid.
2018-07-18 08:11:17  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Tine ber om krisemøte NRK Sogn og Fjordane
Tine ber regjeringa om eit krisemøte. Dei fryktar for at den ekstreme tørka skal føre til melkemangel.
2018-07-18 07:20:37  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Avgang på Lavik-Oppedal kansellertNRK Sogn og Fjordane
På ferjesambandet Lavik-Oppedal er avgangen kl. 07.30 frå Oppedal kansellert grunna tekniske problem, opplyser Norled.
2018-07-18 06:37:31  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Bil utfor murNRK Sogn og Fjordane
Ein bil hamna delvis utanfor ein mur på Nordfjordeid i natt. Bilføraren gjekk frå staden, men blei pågripen av politiet i eit husvære i nærleiken. Politiet opplyser om at føraren verka rusa, men var uskadd etter hendinga. Føraren blei teken med til legevakta på Eid for blodprøvetaking. Det blir oppretta sak.
2018-07-18 05:51:39  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

To frå fylket i G16-troppenNRK Sogn og Fjordane
To spelarar frå fylket er tekne ut i G16-troppen som skal spele nordisk meisterskap på Færøyane i august. Dei to er Kristian Bell frå Førde og Sivert Mannsverk frå Årdal. Det norske laget skal møte Færøyane, Island og Kina til kamp i meisterskapen.
2018-07-18 05:07:17  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vestlandsrevyen 22.55NRK Sogn og Fjordane
Programleiar er Marte Rommetveit.
2018-07-17 22:55:02  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Oppljostunnelen open for trafikkNRK Sogn og Fjordane
Oppljostunnelen på Rv. 15 over Strynefjellet er no opna etter å ha vore stengd i forbindelse med oppryddingsarbeid. Det opplyser Vegtrafikksentralen.
2018-07-17 22:20:01  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Trafikkulukke i VikNRK Sogn og Fjordane
Naudetatane har rykt ut til melding om ei trafikkulukke på Seljedalsvegen i Vik. Ifølgje Alarmsentralen har ein lettsykkel som stod i ro vorte påkøyrt av ein annan lettsykkel. Tre personar var involvert i ulukka, og alle er medvitne. Vest politidistrikt melder på Twitter at det skal vere snakk om lettare skadar.
2018-07-17 21:27:05  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Oppljostunnelen stengdNRK Sogn og Fjordane
Oppljostunnelen på Rv. 15 over Strynefjellet er stengd grunna oppryddingsarbeid. Det melder Vegtrafikksentralen. Eit vogntog har vore oppe i taket på tunnelen, og det skal ligge stein i vegen.
2018-07-17 21:11:06  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sjå Vestlandsrevyen 20.55NRK Sogn og Fjordane
Programleiar: Marte Rommetveit
2018-07-17 20:36:11  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sjå teltet fly gjennom luftaNRK Sogn og Fjordane
Videoen syner korleis vinden herja i Lodalen tysdag ettermiddag. Les meir her.
2018-07-17 19:05:55  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Helikopter driv sløkkingsarbeidNRK Sogn og Fjordane
Eit brannhelikopter driv no sløkkingsarbeid på Haugsnosi ved Skjolden. Brannen i terrenget starta etter eit lynnedslag.
2018-07-17 18:18:07  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Syklistar i tunnelNRK Sogn og Fjordane
Syklistar i tunnel
2018-07-17 17:18:45  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Skal leite etter brannårsakNRK Sogn og Fjordane
Politiet i Vågsøy skal undersøke brannstaden på torsdag etter ein husbrann på Raudeberg, skriv Fjordenes Tidende. Politiet veit førebels ikkje årsaka til brannen, og seier at huset ikkje er bebueleg.
2018-07-17 11:56:59  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Framleis skogbrannfareNRK Sogn og Fjordane
Varselet om skogbrannfare vil truleg vare, trass nedbøren som er meldt den næraste tida. I morgon er det meld regnbyer i Sogn og Fjordane, men meteorolog Frode Hassel meiner at skogbrannvarselet framleis vil gjelde.
2018-07-17 11:52:36  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ulukke på ReedNRK Sogn og Fjordane
Naudetatane er på veg til ei trafikkulukke på Reed i Gloppen. Ein lastebil har køyrd inn i ein personbil og det er store materielle skadar.
2018-07-17 10:08:19  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Bønder tek kontakt med krisetelefonNRK Sogn og Fjordane
Mange bønder tek no kontakt med krisetelefonen til Bondelaget fordi dei er bekymra for skadar som følgje av tørken, skriv P4. Ifølgje ein rådgjevar opplever fleire framtida til garden som usikker, noko som er tøft å takle.
2018-07-17 10:04:14  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

800.000 til AtløysambandetNRK Sogn og Fjordane
Reguleringsplanen for Atløysambandet kan bli klar allereie om eitt års tid, noko som er mellom to og tre år før planen, skriv Firda. Sist veke gjekk Askvoll formannskap inn for å forskottere 800.000 kroner for å få laga reguleringsplanen. Løyvingane til planen kjem ikkje før i 2021.
2018-07-17 07:46:52  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Merkar oljestreik i FlorøNRK Sogn og Fjordane
På Fjordbase i Florø byrjar dei å merke ringverknadene av streiken i offshorenæringa. No er i alt 1550 arbeidarar på norsk sokkel i streik, etter at streiken vart trappa opp i går. Snorre B-plattforma og skipet Petrojarlknarr er blant dei som er råka av streiken. Sjølv om Fjordbase merkar streiken, har dei så langt ikkje har vore nøydde til å sende ut permitteringsvarsel.
2018-07-17 07:21:11  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Nynorskhus i Førde ikkje trusselNRK Sogn og Fjordane
Det å få eit nynorskhus i Førde trugar ikkje allereie eksisterande nynorskinstitusjonar. Det meiner direktør i Nynorsk kultursentrum, Ottar Grepstad, som ønskjer planane velkomne.
2018-07-17 07:01:28  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Til sjukehus etter trafikkulukkeNRK Sogn og Fjordane
Ein bil køyrde av vegen og hamna i ein hage i Balestrand i ettermiddag. Politiet fekk melding om ulukka klokka 17:31. Det var to personar i bilen og begge kom seg ut på eiga hand. ? Det var eit eldre ektepar i bilen. Det er uklart kva som har skjedd, men bilen hamna tre meter ned ei skråning, seier Dag Olav Sætre som er operasjonsleiar ved Vest politidistrikt. Kvinna som køyrde bilen hadde smerter og vart sendt med ambulanse til Førde sentralsjukehus. Politiet opprettar sak på ulukka.
2018-07-16 18:07:53  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Fire brannhelikopter i beredskapNRK Sogn og Fjordane
Airlift har fire brannhelikopter i beredskap i samband med den store skogbrannfaren som er no. Storparten er lokaliserte på Torp og på Sørlandet. Det fortel kommersiell direktør i Airlift, Børre Eimhjellen. Til samanlikning har Airlift vanlegvis eit eller i toppen to helikopter i brannberedskap på sommarstid.
2018-07-16 10:38:41  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Deltek i NM i yrkesfagNRK Sogn og Fjordane
18-år gamle Tobias Bueie frå Svelgen er klar for NM i yrkesfag for lærlingar og fagarbeidarar. Det skriv Firdaposten. Bueie skal konkurrere i klassen for industrimekanikarar. NM blir arrangert i oktober.
2018-07-16 06:47:11  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Tok beslag i garnNRK Sogn og Fjordane
Statens naturoppsyn har teke beslag i to drivgarnsløysingar i Askvoll med til saman ti garn. Garna er meint for laksefangst, opplyser Vest politidistrikt.
2018-07-16 05:31:34  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Reknar med nye rasNRK Sogn og Fjordane
Folkevalde i Årdal er uroa over å vera vitne til fleire store ras på FV 53 mellom Årdalstangen og Naddvik og vil ha fortgang i rassikringstiltak. Det gjekk fram av ein interpellasjon til kommunestyret framført av Thomas Norheim Moen og Senterpartiet, skriv Sogn Avis. Ordførar Arild Ingar Lægreid opplyste at han vil ta initiativ til eit møte med Statens vegvesen og fylkeskommunen for å innhenta fakta og deretter arbeida med å få Finnsåstunnelen inn i planane til Fylkeskommunen.
2018-07-15 22:30:05  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Fallskjermhoppar fekk trøbbelNRK Sogn og Fjordane
Ein fallskjermhoppar fekk problem med hovudskjermen, då han søndag hoppa frå eit fjell i Loen. Ifølgje Vest politidistrikt klarte vedkommande å få løyst ut naudskjermen. Hopparen skal til slutt ha komme seg trygt ned på landjorda.
2018-07-15 12:56:48  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ber om importstoppNRK Sogn og Fjordane
Mangel på nedbør har ført til fôrmangel, og bøndene sender fleire dyr til slakt enn det er kapasitet til. No ber Nortura og Troms Bonde- og Småbrukarlag om stopp i import av kjøt, og oppmodar samstundes butikkar og forbrukarar om å kjøpe norsk kjøtt.
2018-07-15 10:42:35  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sette ny publikumsrekordNRK Sogn og Fjordane
17600 personar var innom Norsk Countrytreff på Breim i løpet av dei tre siste dagane. Det er ny rekord for festivalen, og arrangøren reknar med å kunne lande på plussida også økonomisk. Til neste års 25-årsjubileum kan Norsk Countrytreff allereie no lokke med Emmylou Harris som trekkplaster.
2018-07-15 10:34:52  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Scora og toppar tabellenNRK Sogn og Fjordane
Hannu Patronen og Helsinki vann laurdag 2?1 heime mot Turun Palloseura, og leiar no den finske toppserien med ti poeng etter 20 spelte kampar. Den tidlegare Sogndal-kapteinen scora det eine målet for Helsinki, og vart kåra til den beste spelaren på bana.
2018-07-15 08:30:32  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Skalla ned folk på festivalNRK Sogn og Fjordane
Ein mann i byrjinga av 20-åra skalla laurdag kveld ned to personar under countryfestivalen på Breim. Mannen vart sett i arresten, og han er meld for politiet. Begge personane som vart skalla ned måtte ha tilsyn av helsepersonell.
2018-07-15 08:10:01  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

I fotspora til mammaNRK Sogn og Fjordane
Anders Berntsen Mol (21) og Christian Sørum (23) vann i dag ei turnering i verdsserien i sandvolleyball som første nordmenn på 20 år. Førstnemnde er son av Merita Berntsen Mol frå Naustdal, som slo seg opp i sandvolleyball på 1990-talet. Ho spelte mellom anna under OL i Atlanta i 1996. Mol og Sørum gjekk til topps i ei turnering i Gstaad.
2018-07-14 20:03:43  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Nest best i motbakkeNRK Sogn og Fjordane
Karoline Holsen Kyte sprang laurdag inn til andreplass i Kvasshovden Opp i Ulvik. Førde-løparen klokka inn til tida 1.00.18. Anita Iversen Litleskare frå Bergen Løpeklubb vann motbakkeløpet på 58.12.
2018-07-14 19:12:44  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Braktap for FørdeNRK Sogn og Fjordane
Det skal ha «lugga» litt framfor mål, men Hødd gjekk likevel til pause med 2-0 over Førde i ein treningskamp på Nordfjordeid i dag. Etter kvilen losna det derimot for sunnmøringane, som til slutt gjekk av bana med 8-1.
2018-07-14 18:56:13  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vil til semifinaleNRK Sogn og Fjordane
Sogndals Ulrik Fredriksen og det norske G19-landslaget i fotball er på plass i Finland for å spele EM. Noreg skal møte Portugal, Finland og Italia i gruppespelet. Målet er å vere blant dei to beste laga, som går til semifinale og samstundes kvalifiserer seg til U20-VM i Polen neste sommar.
2018-07-14 15:10:56  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Stengt på grunn av bilbergingNRK Sogn og Fjordane
E16 Stalheim- og Sivletunnelane er no stengde på grunn av bilberging. Det er ein bil med campingvogn som har fått problem, melder Statens vegvesen.
2018-07-14 12:35:42  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

No kjem vepsen!NRK Sogn og Fjordane
Medan dei fleste insekt slit med den varme sommaren i år, stortrivest vepsen.
2018-07-14 10:35:12  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

18-åring imponerteNRK Sogn og Fjordane
Berre eitt år etter at han fekk operert inn pacemaker, vann André Kjønås Heggø (18) kongeetappen i Tour de Hallingdal, skriv Ytre Sogn. Høyanger-syklisten gjekk i brot i stigninga opp til Storefjell, og vann like godt rittet.
2018-07-13 22:05:30  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Treng meir enn skiltNRK Sogn og Fjordane
Nye skilt er kanskje ikkje nok i den lange 180 graders Blekesvingen vest for Stryn sentrum, seier Olav Stølen til Sunnmørsposten. Han har i fleire år køyrt på vegen og meiner det må kome fleire tiltak. Etter to alvorlege ulykker på kort tid skal Statens vegvesen setje opp eit skilt om skarp sving på staden.
2018-07-13 19:53:22  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Se VestlandsrevyenNRK Sogn og Fjordane
Programleder er Tale Hauso.
2018-07-13 18:37:30  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Har sløkt brannen i GaularNRK Sogn og Fjordane
Brannvesenet kom raskt til staden og fekk sløkt brannen på Sande i Gaular. Brannen starta i ei slåmaskin, og brannvesenet frykta at flammane skulle spreie seg.
2018-07-13 17:22:29  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Fryktar brann skal spreie segNRK Sogn og Fjordane
Ei slåmaskin skal ha teke til å brenne på Sande i Gaular. Naudetatane er på veg. Det er ikkje personskade, men brannvesenet fryktar at flammane skal spreie seg i graset rundt slåmaskina.
2018-07-13 16:35:12  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Har rykt ut til skogbrannNRK Sogn og Fjordane
Mannskap har rykt ut til ein skogbrann i terrenget over bygda Feios i Sogn. Det er Sogn Avis som melder dette fredag ettermiddag.
2018-07-13 15:28:25  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Riksveg 15 stengd på StrynefjelletNRK Sogn og Fjordane
Riksveg 15 over Strynefjellet er stengd i Oppljostunnelen etter ei trafikkulukke. Fem personar er involvert i ein front mot front-kollisjon.
2018-07-13 13:51:18  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Redusert kapasitetNRK Sogn og Fjordane
Ferjesambandet Leirvåg-Sløvåg på fylkesveg 57 får redusert kapasitet på avgangen kl. 09.15. Det skuldast at det skal vere med farleg last. Kapasiteten blir redusert til 12 passasjerar. Det melder Vegtrafikksentralen.
2018-07-13 09:12:21  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Dyr nattmatNRK Sogn og Fjordane
Nattmaten vart dyr for sunnfjordingen i 40-åra som i fjor brøyta seg gjennom matkøen ved ein bensinstasjon. Mannen dytta vekk og beordra køståarane til å flytte seg. Natta i førevegen vart mannen også teken for å urinere. No har mannen godteke ei bot på 10.000 kroner for ordensuro.
2018-07-13 06:42:41  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Pengedryss til oppdrettskommunarNRK Sogn og Fjordane
Elleve oppdrettskommunar i Sogn og Fjordane og fylkeskommunen får 200 millionar kroner frå det nye Havbruksfondet, skriv Firda. Pengane kjem etter at staten har seld oppdrettskonsesjonar, og delar av salssummen går tilbake til oppdrettskommunane. Her i fylket får Gulen kommune mest med ei estimert utbetaling på 31,6 millionar kroner, medan Gloppen kommune får minst og kan sjå fram til ei utbetaling på omtrent 2,2 millionar kroner.
2018-07-13 05:57:04  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Jobbar hardt med fôr til søringarNRK Sogn og Fjordane
Også nordpå har landbruket problem, men no jobbar bøndene hardt for å hjelpe kollegaer i sør.
2018-07-12 22:43:17  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Se VestlandsrevyenNRK Sogn og Fjordane
Programleder er Tale Hauso.
2018-07-12 22:32:04  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Reknar med fortvilte bønderNRK Sogn og Fjordane
Sparebanken Sogn og Fjordane reknar med ekstra pågang frå fortvilte bønder. Det tørre vêret gjer at fôravlingane er mindre enn vanleg, og bønder må slakte ned eller kjøpe fôr. Det kan gå utover økonomien til bøndene, noko banken er førebudd på.
2018-07-12 21:16:36  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Se VestlandsrevyenNRK Sogn og Fjordane
Programleder er Tale Hauso.
2018-07-12 20:51:00  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ulykkessjåfør utan lappenNRK Sogn og Fjordane
Sjåføren av bilen som køyrde av vegen på E39 i Gaular hadde ikkje førarkort, melder Vest politidistrikt. Det var berre mindre personskadar etter utforkøyringa. Politiet har oppretta sak.
2018-07-12 19:12:11  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Se VestlandsrevyenNRK Sogn og Fjordane
Programleder er Tale Hauso.
2018-07-12 18:27:11  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ulykke med fire involverteNRK Sogn og Fjordane
Ein bil med fire personar har køyrt av vegen ved Økslandsvatnet på E39 nord for Vadheim. Naudetatane er på staden. Den eine personen blir teken hand om av helsepersonell.
2018-07-12 18:20:43  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

12 prosent manglar kontraktNRK Sogn og Fjordane
Fleire enn kvar tiande ungdom med sommarjobb manglar arbeidskontrakt. Det har LO funne ut på sin sommarpatrulje til 261 verksemder i Sogn og Fjordane. Dei fleste har papira i orden, men framleis har 12 prosent av arbeidstakarane ikkje fått kontrakt.
2018-07-12 16:32:55  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Brann i StongfjordenNRK Sogn og Fjordane
Det er meldt om brann i ein traktor i Stongfjorden i Askvoll. Naudetatne er på veg til staden.
2018-07-12 14:24:07  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Jublar for trombolyseNRK Sogn og Fjordane
Avgjerda om å innføre trombolyse i ambulansane til Helse Førde vekker jubel. Helse Førde skal frå i haust gi blodfortynnande medikament i ambulansane til folk med akutt hjarteinfarkt. Helse Førde er blant dei siste helseføretaka i landet som innfører dette, føretaket ligg på botnen i landet i kor raskt pasientane får opna tette årar. Marita Aarvik frå Stad har i ei årrekkje argumentert for trombolyse, men blitt avvist. ? Det er som julafta og 17. mai på ein gong. Vi har jobba i ti år for å få det til Sogn og Fjordane, dette var på tide, seier Aarvik.
2018-07-12 14:17:08  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vassmangel får konsekvensar NRK Sogn og Fjordane
På grunn av tørke kan Hoddevik Strandcamp på Stadlandet måtte stenge campinga på kort varsel. Camping som ligg yst mot havgapet har allereie stengt av dusjane på grunn av lite vatn. ? Eg har aldri opplevd liknande, seier Anne Ragnhild Hoddevik på Hoddevik Strandcamp.
2018-07-12 11:10:45  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Bøtela trøtt yrkessjåførNRK Sogn og Fjordane
Yrkessjåføren hadde fleire grove brot på køyre- og kviletidsreglane. No har nordfjordingen godteke ei bot på 20.0000 kroner. Det var under ein kontroll i Eid i år at kontrollørane avdekka at mannen mellom anna køyrde over åtte timar utan godkjend pause. Han hadde også køyrt utan at sjåførkortet stod i fartsskrivaren.
2018-07-12 08:36:50  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ikkje nye ulveobservasjonarNRK Sogn og Fjordane
Det er ikkje gjort nye funn av sauekadaver som kan vere tatt av ulv den siste veka. I førre veke oppdaga ein bonde i Naustdal at ulv hadde tatt fleire sau og lam. ? Når ein ikkje får inn nye meldingar om skadar, så kan det tyde at ulven har vandra vidare, seier Arve Aarhus, som er leiar for fylkesfellingslaget.
2018-07-12 07:55:56  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Får ny brannbil til ni millionarNRK Sogn og Fjordane
Innan 2019 vil Flora brannvesen få ein brannbil med lift som vil kunne nå så høgt opp som 40 meter, skriv Firdaposten. NRK har tidlegare fortalt at brannkorpsa i fylket manglar stigebilar, og må leige lift på bygda i tilfelle brann i høge bygg. Den nye brannbilen i Florø har ein prislapp på ni millionar kroner.
2018-07-12 06:44:02  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Nok ein runde med skjenkeløyveNRK Sogn og Fjordane
Bakar Jon på Byrkjelo har fått avslag på skjenkeløyve to gonger. No må formannskapet i Gloppen kommune behandle saka for tredje gong, skriv Firda Tidend. Fylkesmannen har bestemt at formannskapet sitt vedtak er ugyldig.
2018-07-12 05:27:04  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Se Vestlandsrevyen 23.00 herNRK Sogn og Fjordane
Programleiar: Tale Hauso
2018-07-11 22:48:54  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Boikottar skip på SognefjordenNRK Sogn og Fjordane
Det internasjonale transportarbeidarforbundet (ITF) boikottar no eit skip lasta med oksid som er på veg til Hydro i Årdal. Skipet kom til Høyanger fredag kveld, men fekk varsel om boikott innan laurdag om dei ikkje hadde fått papira sine i orden, noko som ikkje skjedde, skriv Sogn Avis.
2018-07-11 22:03:00  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ute av RobekNRK Sogn og Fjordane
Naustdal kommune er ute av den såkalla Robek-lista, melder Fylkesmannen. Kommunen vart innmeld i Robek i 2016, og måtte såleis ha budsjett og låneopptak godkjende av Fylkesmannen. Godt rekneskapsresultat i 2017 gjer at Naustdal no kan meldast ut av Robek.
2018-07-11 21:10:33  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Se Vestlandsrevyen 20.55 her NRK Sogn og Fjordane
Programleiar: Tale Hauso
2018-07-11 20:42:27  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Se Vestlandsrevyen 18.50 herNRK Sogn og Fjordane
Programleiar: Tale Hauso
2018-07-11 18:39:03  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Rykte ut i Førde sentrumNRK Sogn og Fjordane
Politiet måtte i ettermiddag rykke ut etter meldingar om ein utagerande mann på ein serveringsstad i Førde sentrum. Dei tilsette ringde politiet og ba om hjelp då mannen byrja å truge dei.
2018-07-11 15:44:37  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Trafikkulukke i BalestrandNRK Sogn og Fjordane
Ambulansar og lege er på veg til ei trafikkulukke på fv. 55 ved Kvamsøy i Balestrand. Ein bil har køyrt utfor vegen og to personar er involverte, melder Helse Førde AMK på Twitter.
2018-07-11 12:16:55  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Fv. 607 open for trafikkNRK Sogn og Fjordane
Fv. 607 er no open for trafikk etter å ha vore stengd på ulukkesstaden ved Hellebø. Det er manuell dirigering på staden, og vegen kan framleis bli stengd i periodar.
2018-07-11 12:13:22  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Bilbrann i LavikNRK Sogn og Fjordane
Ein person er fastklemd etter ei trafikkulukke på fylkesveg 607, fire kilometer vest for Lavik i Sogn. Brannvesenet er framme på staden og har sløkt ein brann i bilen som er involvert i ulukka.
2018-07-11 11:06:00  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Fv. 610 opna for personbilarNRK Sogn og Fjordane
Vegen forbi rasstaden ved Hestebeita er no open for personbilar, men framleis stengt for køyretøy over 7,5 tonn. Omkørying er via fv. 55 eller fv. 13.
2018-07-11 10:54:50  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vegen i Gaular stengtNRK Sogn og Fjordane
Vegtrafikksentralen melder at entreprenør er på rasstaden ved Hestebeita på fv610 i Gaular. Vegen er no stengt.
2018-07-11 09:19:56  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Steinras i GaularNRK Sogn og Fjordane
Det har gått eit steinras på fv610 mellom Tormodset og Hestebeit i Gaular. Det skal vere to steinar som har kome ned i vegen. Det er redusert framkomst på staden, og entreprenør er på veg.
2018-07-11 08:20:37  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Aukande skogbrannfareNRK Sogn og Fjordane
Skogbrannfaren er aukande på Vestlandet sør på Stad, melder Meteorologisk institutt. Det vil ikkje komme nedbør med det første, og indre strøk kan få byer med tore dei neste dagane. Frykta er at lyn vil slå ned og starte skogbrannar.
2018-07-11 08:11:20  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Måtte levere frå seg førarkortetNRK Sogn og Fjordane
Ein ung bilførar blei målt til 124 kilometer i timen i ei 80-sone på Totland på riksveg 15 i Vågsøy går, skriv Fjordenes Tidende. Føraren måtte levere frå seg førarkortet på staden. 15 andre bilførar var for tunge på gassen og må punge ut.
2018-07-11 06:24:03  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Auka inntekter for SafeCleanNRK Sogn og Fjordane
Pilene peikar rett veg for SafeClean i Høyanger etter at dei auka inntektene med 30 prosent frå 2016 til 2017. Det skriv Ytre Sogn. Resultatet auka frå 1,7 millionar til 2,8 millionar. Etter oljekrisa måtte bedrifta gå frå 40 og ned til 11 tilsette. No er dei oppe i 25 tilsette.
2018-07-10 21:44:22  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Kalvåg vert typisk turiststadNRK Sogn og Fjordane
Kalvåg i Bremanger kommune har fått status som typisk turiststad av Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Dette gjeld frå perioden 1. juni til 31. august kvart år. Det gjer at Kalvåg er unnateke reglane om at butikkane ikkje får lov til å halde ope på heilagdagar
2018-07-10 21:13:40  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Se Vestlandsrevyen 20.55 herNRK Sogn og Fjordane
Programleiar: Tale Hauso
2018-07-10 20:49:31  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Høgre-folk tek attval i VestlandNRK Sogn og Fjordane
Alle fylkespolitikarane i Høgre ønskjer å vere med vidare i nye Vestland fylkesting. Dei fire i fylkestingsgruppa har alle stilt seg til rådvelde for nominasjonsnemnda for Vestland Høgre. I tillegg har ordførarar som Sven Flo i Stryn og Mathias Råheim i Gaular sagt ja til å bli fylkespolitikarar.
2018-07-10 20:38:30  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Opprusting av E39 Skei-SandaneNRK Sogn og Fjordane
Vegvesenet har bede om eit møte med Gloppen kommune med ønskje om meir effektivt planarbeid om opprustinga og nybygging av E39 på strekninga Skei-Byrkjelo-Sandane. Det skriv Firda Tidend. Vegvesenet meiner at arbeidet på Jarbu og i Gullkista, to av flaskehalsane på strekninga, bør starte i 2020-21.
2018-07-10 20:13:10  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Se Vestlandsrevyen 18.50 herNRK Sogn og Fjordane
Programleiar: Tale Hauso
2018-07-10 18:30:40  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Røykutvikling frå husNRK Sogn og Fjordane
Naudetatane har rykka ut til melding om røykutvikling frå eit hus på Begheim i Gloppen, melder Vest politidistrikt på Twitter. Klokka 17.10 opplyser Alarmsentralen at brannen er sløkt, og at det ikkje var nokon inne i huset.
2018-07-10 16:54:40  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vinje StartSiden - Nyheter fra NRK Sogn og Fjordane







Denne tjenesten er levert av ActiveSystems.